I dag har eg pakka ut den nye
kjøkenmaskina.
Denne skal vere på hytta.
Eg bakar mykje på hytta, og gode råd
frå bakeekspertar er at det er viktig
å elte gjærbakst lenge.
Erfaringa mi er at det gir
vellukka resultat, men då må eg ha
hjelp av kjøkenmaskin.
Her er litt av baksten eg laga til
vinterferien.
Då brukte eg den medbrakte maskina.
Men å skulle frakte den fram og tilbake blir
litt tungvint i lengda.
Og eg bakar ofte gjærbakst.
Heimemaskina er vel 1 år gamal.
Dette er Eletrolux Assistenten min som var
trufast frå 1972 til 2014 då den gjekk i stå.
Eg kjøpte Ankarsrum Assistent fordi den
er lik den gamle.
Eg kan bruke kverna, bollen og det andre
utstyret av den gamle på dei nye.
Eigentleg meinar eg at det kan forsvarast økonomisk
å kjøpe to når eg tenkjer over kor
mange år den gamle var i sving.
Og så er det greit å gjere ting lettvint
for seg sjølv....
Om dei nye kjøkenmaskinene varer i 40 år
overlever dei meg...
Anne-Mari