mandag 16. oktober 2017

Metall


er ordet denne veka hos 

I sommar var me på tur over Trollstigen.
Under ei bru der var dette motivet.

Jern og Stål
med gras og stein som bakteppe.








lørdag 14. oktober 2017

Flyttedag

I dag fann eg fram eit innlegg frå 2015
og publisera på nytt.

Eg snur Primstaven til 
vintersida i dag
14. oktober.
Symbolet er ein vott.

Primstaven laga svigerfar
til me flytta inn i hytta.

Denne dagen blir kalla 
Vinterdagen fordi den markera starten på
vinterhalvåret.

14. oktober var flyttedag om hausten,
ei ordning som var praktisert fram til første verdskrig.
Den andre flyttedagen var om våren 14. april.
Utanom desse dagane var det ikkje lov for hushjelper og
gardsarbeidarar å flytte, eller skaffe seg nytt arbeid.

Som veret er vinterdag skal vinteren bli....

Godt ver i dag skal gi fin vinter, og snøen kjem seint.
Kaldt ver i dag er teikn på at det blir mykje snø.

Grønskjær på himmelen er teikn på at det snart blir frost.

Då eg sto opp i dag var det 5 grader ute, 
regn, men gløtt av sol.
Godt å vere inne 
med fyr i omnen.

Så får tida vise korleis vinteren blir :)

Ynskjer deg ein fin vinterdag !





tirsdag 10. oktober 2017

Høgt


Hos Gemsweeklyphotochallenge er
ordet denne veka
Høgt

I dag var det betongarbeid
ved sjøen her eg bur.
Den lange arma på 
betongpumpebilen raga høgt i vëret.

No har eg gått ei runde og kika og ser at det
er småbåthamna som
er støypt.
Kanskje hugsa lesarane mine at eg skreiv om 

Etter ein heller grå dag vart
det ein fin kveld.
Sola skin høgt over skyene.










søndag 8. oktober 2017

Naturen


fengsla meg 
under køyreturen på
Gamle Strynefjellsveg

Duvande myrull ved ein liten bekk


Dei grønkledde viddene
har gått gjennom den store endringa 
og fått 
rustraud drakt



Blåklokke på høgfjellet i oktober




                                             ------
" Ja, syng om at også september kan romme
en varme som verne mot vinterens vind
der håpet om solfylte døgn som skal komme
ligg gjømt som et frø i ditt mollstemte sinn,
- så famn oss, september, og gje oss å brenne
som bål imot vinterens kjølig pust
i tru på at sommaren aldri skal ende
men bæres som jernbyrd i oker og rust."

Helge Stangnes






    



tirsdag 3. oktober 2017

Gamle Strynefjellsveg


Ein eksplosjon av fargar er synet
ein møter når ein
køyrer 
Gamle Strynefjellsveg
 frå vest til aust i Noreg.








Det tok si tid å køyre over fjellet denne haustdagen
for eg måtte stadig ut av bilen
for å fotografere.






søndag 1. oktober 2017

Saragenser til Ella Victoria



Ho blir 5 år i november,
men genseren er ferdig og ho kan sjølvsagt 
ikkje vente så lenge med å få den.


Genseren er strikka i str. 6 år og
er nok litt stor, men ho sjølv
er godt fornøgd.

Saragenser etter oppskrift frå
Strikka med tråden 
Faerytale frå Du store alpakka.
Den er særdeles mjuk og delig å ha på.

I fjor haust strikka eg 








lørdag 30. september 2017

Peer Gynt hytta


i Rondane

Mannen min og eg budde 3 døgn på 
Rondane Høyfjellshotell 
og gjekk fine turar i
det vakre terrenget om dagane.


Den fantastisk flotte steinhytta har fått namnet etter
sagnet om Peer Gynt i det
dramatiske diktet av Henrik Ibsen


Det var ikkje ope denne dagen så me fekk
ikkje sjå innvendig.




Det er flott natur i Rondane med haustfarga vidder
og 
ville steinformasjonar rundt elvefara.




Me parkerte bilen ved
Smuksjøseter fjellstue
og gjekk derifrå
 til Peer Gynt hytta
Då me kom tilbake åt me sein lunsj der.

Deilig rjømegraut med spekemat og
raud saft.



Eg deler bilda av dørene hos







søndag 24. september 2017

Hårpynt


Eg er ikkje flink til å kaste ting,
og kosa meg litt då eg kom fram på 
denne samlinga i skapet.
Hårrullar hadde eg kanskje kunne brukt enno,
i tilfelle dei minste.
Postisjen/laushåret hadde eg på meg som brud, 
og eit par gongar i fine anledningar,
men det er 40-50 år sidan...
"Smultringen" til Ballerinaknute trur eg neppe
eg har brukt. Eg har vel aldri hatt 
SÅ langt hår...

Eg skal jammen vise det til 
barneborna,
kanskje vil dei prøve ? 

Litt moro var det iallfall,
å sjå på det.
Trur du at det blir kasta ?
Nei, 
kjekt å ha :)









fredag 22. september 2017

Poteter


Eldstesonen Andrè med familie
dyrka poteter i terassa. 

Det var ein liten jordbæråker her fram til
leikarhytta vart sett opp.
Då vart det for mykje skugge for jordbær og
i vår kom dei på at dei skulle 
sette poteter.
Settepoteter fekk dei i Kaldholen hos
tante Siv Marit.

I veka før konfirmasjonen var tida komen for
potetopptaking.
Jentene frå venstre,
Leah Sofie, Ella Victoria og Celina Marie.
Stor avling på den vesle åkerlappen.
Potetene er av typen 
Troll.
Det var rikeleg poteter til 
konfirmasjonsmiddagen.

Restane av dei gode potetene kunne ikkje
kome vekk så eg kom på at eg skulle
prøve å lage potetkaker

Utsjånaden vart så som så.
men kjempegode 
med godt smør og sirup !!!
Namnam







onsdag 20. september 2017

Hortensia i september


Planta sto ute heile vinteren
i same vesle krukka den var kjøpt,
eg vatna den av og til.
I vår var den full av spirar, og
no har den blomstra i fleire månader.

Kan det bli vakrare ?

September er snart omme,
men hortensiaen er like fin enno.








mandag 18. september 2017

Sunnmørsbunaden


Ja, korleis ser den ut ?
Ein kan ikkje berre gå inn på Husfliden og
 kjøpe tilfong til Sunnmørsbunaden.
Du får spørsmål om kvar for ein.
Eg trudde det var ei sjølfylgje...
Men, nei det er  heile 
6 kvinnebunadar frå Sunnmøre !

Eg har tatt bilde av sidene i
ei brosjyre frå Husfliden.

Den me kalla Sunnmørsbunaden er
Ørskogbunad ( nr. 2 frå venstre på bilde nr. 1)
også kalla Märthabunad fordi ein slik bunad
vart gitt til Kronprisesse Märtha i bryllaupsgåve i 1929
Og det skal seiast, det er den som er
den mest vanlege Sunnmørsbunaden

Her er konfirmanten Celina Marie 
med oldemor Judith, farfar Ottar og 
farmor Anne-Mari.
Svigermor Judith broderte min bunad
på 1980-talet.
Ein bunad er god å ha  
i mange høve der ein skal vere 
kledd til fest.
Og sjølvsagt bruka eg den 17. mai.

Visst eg skulle skaffe meg bunad i dag trur eg at eg
ville vurdere 
Søre Sunnmøre bunad,
(den heilt til høgre på siste bilde)
den høyre til på vår kant av Møre og Romsdal,
men var ikkje  vanleg den gongen
eg fekk min.















onsdag 13. september 2017

Konfirmasjonen til Celina Marie 9. september 2017


Ei fin helg i september var det konfirmasjon
i Ulstein kyrkje,
102 konfirmantar fordelt på fire gudstenester
over to dagar.
Barnebarnet vårt
Celina Marie sin seremoni var
laurdag kl 12

Det var ei høgtideleg stund
i den vakre kyrkja vår.
Sokneprest Margit Lovise Holte og
kateket Bjørn Losvik
forretta.

Fine Celina Marie !

Med far Andrè og mor Renathe.

Nydelege blomsterdekorasjonar på 
festbordet i Bakargarden
i Ulsteinvik.

Gode kaker og dessertar frå familie og venner var det mykje av,
i god sunnmørsk ånd....

Gåvebordet var pynta med
hardangersaumduken som konfirmanten si oldemor Marie
har brodert.

Celina Marie fekk mange pengegåver.
Av farfar og meg fekk ho bunaden og ei
fotobok med fleire hundre bilde
frå fine stunder i lag med 
alle i familien.

Til lukke med framtida kjære Celina Marie ♥
Helsing farmor og farfar




mandag 11. september 2017

Hender

Hendene til " Sildekona " i Ålesund 
er mitt bidrag til 
ordet denne veka hos

Skulpturen av
Bjørn Tore Skjøsvik står på
Apotekertorget


Sjå også



Sjå andre si tolking her:







tirsdag 5. september 2017

Oske


Når me er på hytta er det det fint å kunne fyre i omnen.
Det blir lunt og koseleg.
Med små barn i familien er det viktig
å ha grind framfor omnen for å sikre 
dei mot å skade seg.

Så kjem eg til emnet i dag:
ordet er Ask, eller Oske på norsk

Oske er dei pulverliknande restane som blir att etter at
eit organisk materiale er oppbrent.
På døra blir det belegg som gjer at den
ser skitten og stygg ut.

Eg bruka å ta vatn på hushaldningspapir og
dyppe det i oske

Oska rensar effektivt belegget
 på glasdøra

Nesten ferdig,
tørke med rein våt klut eller hushaldningspapir
til slutt

Ferdig.
Glaset i døra er reint og blankt.